Vil stenge Skram skole i august

– Eigentleg er vi ganske så fornøgde med at noko no skjer med skulen

Sjølv om nyheita om at rådmann Terje Heggheim no ønskjer å stenge Skram skole allereie frå hausten av kom litt brått på, er FAU-leiar ved skulen, Marit Otneim, glad for at noko no skjer.

Positivt: Sjølv om nyheita om at rådmann Terje Heggheim no vil stenge Skram skole allereie frå hausten av kom litt brått på, er FAU-leiar ved skulen, Marit Otneim, glad for at noko no skjer.   Foto: privat

Nyheter

– Eigentleg er vi ganske så fornøgde med at noko no skjer, for vi har halde på med dette lenge. Og vi skjønner sjølvsagt at dersom skulen skal rehabiliterast eller byggast ny, så må ungane flyttast ut. Dei kan ikkje vere der i ein eventuell byggeperiode.