Bilbergaren har aldri opplevd større dramatikk enn dette

Bilbergar Glenn André Utnes Piel frå Stårheim har aldri opplevd noko så dramatisk som på Måløybrua tysdag då skapbilen han slepte velta. Han er sjeleglad at ingen vart skadd.

Stor dramatikk: Bilbergar Glenn André Utnes Piel (til høgre i bildet) er sjeleglad for at ingen vart skadde då lastebilen han slepte velta i den sterke vinden som var på Måløybrua tysdag.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Den erfarne sjåføren som har køyrd bergingsbil i mange år har opplevd mykje. Han har berga bilar som har blese av vegen både på Kvalheim på Vestkapp og andre stadar. Men han har aldri opplevd slike krefter som var i sving på Måløybrua denne ettermiddagen.