Samlast for første gong i nytt fylke

Feirar starten på Vestland fylkeskommune

Torsdag 9. januar feirast starten på Vestland fylkeskommune.

Torsdag 9. januar feiras starten på Vestland fylkeskommune.   Foto: Louise Nygaard

Nyheter

Tilsette samlar seg der dei jobbar på dei ulike administrasjons- og kontorstadane, og elevar på alle dei 45 vidaregåande skulane i fylket skal møtast for første gong til Vestlandquiz leia av bloggaren Piateed.

Mange av fylkespolitikarane stikk innom sin næraste skule, og deltek i denne historiske markeringa når alle samlast for første gong.

Elles på programmet er det innslag med både fylkesordførar Jon Askeland, fylkesrådmann Rune Haugsdal, nypremiere på musikkvideoen Vestladden og avspeling av fanfaren for Vestland.

Det er 20.000 elever i fylket og nær 6.000 tilsette på skulane, tannklinikkane og i administrasjonen.