Framleis mogleg å få plass på jubileumskonserten

Torskangerpoll Musikklag blir 100 år i 2020. Korpset frå Vågsøy startar feiringa med stor jubileumskonsert i Samfunnshallen 11. januar.

Bilete frå Julekonserten i Sør-Vågsøy kyrkje. Søndag 22. des.  Foto: Thomas Hagen

Nyheter

Dei siste 16 siste åra har korpset starta det nye året med ein stor nyttårskonsert. I å rblir dette ein jubileumskonsert.

– I år blir konserten andre laurdagen i det nye året ein jubileumskonsert der vi skal vise publikum kor spreke dette 100 år gamle korpset er. Det spesielle er også at dette blir ein av dei første konsertane i nye Kinn kommune, seier leiar i korpset Johan Einar Wåge.

Konserten 11. januar er kalla «100 år og like spreke». Her vil korpset sjølvsagt markere historia, men hovudfokuset blir musikalske høgdepunktkonsertar dei siste åra. Det blir mange moderne og svingande melodiar der det blir både song-solistar og instrumentalistar som skal vise seg fram og lage til god stemning, , seier dirigent Lisbeth Helen Våge.

Korpset har også med seg Isak Søraa og Gro Haugen som solistar på jubileumskonserten. Denne veka er det framleis billettar at til konserten.