Klare for nyttårskonsert i ny kommune

Nyttårskonsert: Sunnivakoret syng i Operahuset Nordfjord laurdag. Pressefoto 

Nyheter

Laurdag 11. januar er det nyttårskonsert med Sunnivakoret, Ytre Suløens Jassensemble og Tricia Boutte i Operahuset Nordfjord.

– Kjekt å vere tilbake i Nordfjord si storstove, Operahuset på Nordfjordeid! Det er seks år sidan sist, då markerte vi 10-års jubileum for Sunnivakoret. Denne gongen kan vi også markere eit rundt tal, nemleg 15. året Sunnivakoret og Ytre Suløen har nyttårskonsertar ilag. Og, ikkje minst, vi markerer starten for den nye Stad kommune. Kva passar då vel betre enn ein frisk nyttårskonsert med koret som vart etablert nettopp med tanke på å formidle den vakre historia om St Sunniva, landet sin einaste kvinnelege helgen, skriv koret i ei pressemelding.