Deler ut prisar neste laurdag

Laurdag 18. januar deler NRK ut Luttprisane til årets artist, årets nykommar og til årets Blest.

Skal opptre: Line Dybedal skal opptre under årets Blest i Førde.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Det skjer på Larris Scene i Førde. På scena opptrer Kjartan Lauritzen frå Balestrand, Vilde og Anna frå Nordfjordeid, Vilnes frå Atløy, Sjur frå Gloppen, Maren frå Nordfjordeid, Andrea Santiago frå Måløy, Line Dybedal frå Selje, Sissel Marie frå Stryn, SOFIA og Matteus H frå Gloppen og Sindre Steig frå Luster.

Dei fleste av dei nominerte til årets artist og årets nykommar vil også vere med både på og ved scena under showet.

Arrangørar av Luttprisen 2019 er Firda, Sogn Avis, Firda Tidend, Fjordenes Tidende og NRK.

Luttprisen er ein del av den store Blestfestivalen som vert arrangert i Førde fredag og laurdag denne helga.