Magnus gjekk inn til ein femte plass

Magnus Skeide Bakke tok ein sterk femteplass under Norgescup for langrennsløparar på Lygna.

Magnus Skeide Bakke tok ein sterk femteplass under Norgescup for langrennsløparar på Lygna.   Foto: privat

Nyheter

Denne helga blir det arrangert Norgescup for langrennsløparar i heile landet på Lygna.

Magnus Skeide Bakke, Eid IL, gjekk i dag inn til ein sterk 5. plass på 10 kilometer fristil.

Magnus var 57 sekund bak vinnar Per Strand Haugenes frå Sandnes IL i klassa M17. Klassa hadde 201 deltakarar frå heile landet.

Magnus Skeide Bakke flytta i haust frå Nordfjordeid til Geilo for å satse på idretten på Norges toppidrettsgymnas, og har dei siste åra vist gode resultat både i skiskyting og langrenn.