Har sendt ut farevarsel for svært høg vasstand

Meteorologisk institutt melder om at det blir svært høg vasstand dei komande dagane.

Meteorologane melder om høg vasstand.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Meteorologane har difor sendt ut oransje farenivå med tanke på vasstanden onsdag 15. januar.

– Oransje farevarsel betyr at det er ein alvorleg situasjon og at ein må vere forberedt, seier Martin Granerød ved Meteorologisk institutt til NRK.

Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidvatn og oppsamling av vatn som følgje av vind mot kysten. Vasstanden er venta å vere høgst natt til onsdag og onsdag ettermiddag.

Anbefalingane er å sjekke fortøyinga til båten og sikre lause gjenstandar nedst i strandsona.