Øvde på livreddande arbeid

– Beredskapen i vårt område er truleg blant dei beste i landet

Måndag hadde Helikopterservice i Florø øving saman med kursdeltakarar hjå Sikkerheitsenteret i Måløy (SIM). Treninga inneheldt mellom anna å øve på å hente folk opp frå flåte.

Helikopter: Helikopterservice i Florø arrangerar regelmessige øvingar i samband med SIM. Dette er god øving for begge partar.  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

– Vi har samarbeidd med SIM i lengre tid på desse øvingane, dei er utruleg nyttige, seier Odd Arild Hansen, som er flygar for Helikopterservice.