Startar storutbygginga om nokre veker

Håpar å ha den første laksen på plass i tankane til sommaren

OFS Måløy startar utbygginga i månadsskiftet januar/februar med mål om å ha fisk i dei første landbaserte oppdrettstankane i sommar.

Slik skal det bli: Det er den mørkebrune delen OFS skal gå i gang med å byggje. Eksisterande bygg til venstre blir oppgradert. I bakgrunnen ser ein Båtbygg. Illustrasjon: NORDWEST3D 

Nyheter

Dei oppdaterte illustrasjonane for storprosjektet i Barstadvika er no klare. Utbygginga ein skal til med no er oppgradering og forlenging av eksisterande bygg og ein ny oppdretthall, med til saman tre modular for resirkuleringsanlegg (RAS).