Signerte samarbeidsavtale med politiet

Stad kommune og Stad lensmannskontor har signert ei samarbeidsavtale om tenestetilbod og førebyggjande arbeid i nye Stad kommune.

Stad kommune og Stad lensmannskontor har signert ei samarbeidsavtale. Her f.v. Stad-ordførar Alfred Bjørlo, kommunedirektør Åslaug Krogsæter, politikontakt for Stad Hanne Heggen og lensmann i Nordfjord Tormod Hvattum.   Foto: Privat

Nyheter

– Vi er glade for å ha eit sterkt og aktivt lokalt lensmannskontor, som er sterkt opptekne av å arbeide førebyggjande og ser verdien av nært samarbeid med dei kommunale tenestene og lokalsamfunnet elles, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo i ei pressemelding.