Vil at «ny» barneskule skal stå klar før 2023

Oppvekst- og kulturutvalet i Kinn er einige om at ein må få fortgang i arbeidet med å renovere eller bygge ny barneskule i Måløy sentrum.

Rektor Jens Frode Vågen hadde med oppvekst- og kulturutvalet på synfaring på Skram skole.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Renovering av Skram skole har stått på dagsorden for politikarane og administrasjonen i Vågsøy i lang tid. For om lag ei veke sidan fekk foreldre til elevar ved skulen brev om at rådmann Terje Heggheim i Kinn vil stenge Skram skole og flytte elevane til modulbygget på Tennebø i Deknepollen allereie frå august.