Endrar løyvet til oppdrettarane

Miljødirektorat avgjorde nyleg at dei tre oppdrettsselskapa som har etablert seg ved Husevågøy må avvikle aktiviteten på sikt etter at dykkarar oppdaga ein sjeldan førekomst av blomkålkorall. Fylkesmannen har no endra dei tre løyvevedtaka i tråd med Miljødirektoratet si avgjerd.

Formell endring: Miljødirektorat avgjorde nyleg at dei tre oppdrettsselskapa som har etablert seg ved Husevågøy må avvikle aktiviteten på sikt etter at dykkarar oppdaga ein sjeldan førekomst av blomkålkorall. Fylkesmannen har no endra dei tre løyvevedtaka i tråd med Miljødirektoratet si avgjerd.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Avgjerda frå Miljødirektoratet inneber nemleg ei endring av Fylkesmannen sitt vedtak frå september i fjor, der Fylkesmannen trekte tilbake heile løyvet. Miljødirektoratet gir delvis medhald i klagen frå oppdrettsselskapa og gir eit tidsavgrensa løyve til produksjon av slakteferdig fisk frå ein produksjonssyklus.