Slik blir helgevêret

Nok ein storm i vente

Nok ei vindfull og regntung helg går oss i møte. Laurdag og søndag er det venta liten til sterk storm.

Vind: I helga er det meldt storm langs kysten av Vestland.  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

Fredag:
Liten kuling frå vest, auker til sterk kuling ved Stad. I kveld blir det frisk bris med moglege regnbyer og snøbyer over 300–500 meter over havet.

Laurdag:
Sørvest liten kuling, liten storm ved Stad med fare for full storm. Skydekke som byr på regn og yr. Snø kan førekome over 500–1100 meter over havet, lågast tidleg på dagen.

Søndag:
Sørlig stiv kuling på kysten, truleg sørvest liten storm ved Stad. Regn langs kysten og snø i høgare strøk.