Gunn Helgesen og mannen Bjørn Helgesen har laga museum i gamlefjøsen på garden. Foto: Privat

Vil vise fram historia om songaronkelen sin, Paul

Gunn Helgesen og mannen Bjørn frå Berstad i Selje har brukt fleire år på å renovere gamlefjøsen og garden som har vore i familien i nær 200 år. No har garden fått eit museum der ønsket er å vise fram dei gamle tinga og få fram historia til garden.