Ny og forbetra app lar deg sitte heime i sofaen og følge med på vinden

No kan du sjå nøyaktig vindstyrke på brua når du vil

Denne helga lanserer Fjordenes Tidende, Sebastian Fløysand Kvalheim og Triangel Security sin nye og forbetra vindapp. Via eit kamera stilt inn rett på vindtavla på Måløybrua kan ein sjå nøyaktig kva vindstyrke det bles til kvar ei tid.

Endeleg: No kan Sebastian Fløysand Kvalheim (t.h.) frå Måløy og Rune Henden, marknadssjef i Fjordenes Tidende, presentere den nye versjonen av vindappen som dei har jobba med i lang tid.   Foto: Frithjof Silden

Nyheter

Sebastian Fløysand Kvalheim fekk ideen tidleg i 2018, og utvikla ein første versjon av appen i samarbeid med Fjordenes Tidende. No kjem denne i ny og betre versjon, og Triangel Security har blitt med i samarbeidet. Den nye appen, Vindvarsler, er godkjent og alle løysingar er på plass.

– Vi lanserte vår første vindapp i slutten av 2018, men utfordringa med den var ei forseinking på 10 minutt, i tillegg til at den viste gjennomsnittsmålingar. Det hjelpte verken oss eller brukarane, seier marknadssjef i Fjordenes Tidende Rune Henden.

Samarbeidspartnarane visste raskt at dette måtte forbetrast, og etter månader med dialog og forhandlingar, er dei no klare med ei ny løysing som viser nøyaktig kva vindtavla viser til kvar eit tid, og forseinkinga er berre på 20 sekund.

– Her er det snakk om sekund, så det kan vi leve med. Det einaste som vil vere betre no er å stå rett ved vindtavla og lese av sjølv, smiler Henden.

– Eg er glad for at vi no endeleg kan levere informasjon som folk kan forholde seg til. Det gjorde ikkje den førre appen som viste snittvind, seier 19-åringen.

Kamera mot tavla

Løysinga ein fall ned på til slutt er like enkel som den er genial. Ved hjelp av utflytta måløyværing Finn Humborstad i Triangel Security er eit kamera montert på stolpe og retta inn mot tavla. Via ein app som ein laster ned på telefonen eller nettsidene til Fjordenes Tidende kan ein så følge med på kvar minste endring i vindkasta.

Grensesnitt: Slik vil det sjå ut når du går inn på appen, enten via telefonen din eller via Fjordenes Tidende si nettside fjt.no.   Foto: Skjermdump

– Eg må rose Sebastian. Han har pusha på i dette arbeidet og vore ein motor for å få dette til. Vi er veldig glade for at han kom til oss med sin gode idé for nær to år sidan. Og vi har heia på han sidan, seier Henden.

– Eg har hatt mange gode hjelparar heile vegen, og vil rette ein stor takk til alle desse, seier Fløysand Kvalheim, som også trekker fram ein god kompis av seg, Ola Alsaker, som har programmert appen og vore ei god hjelp heile vegen.

– Og eg synst også det var veldig tøft av Fjordenes Tidende å hive seg med på prosjektet mitt frå starten. Det har vore veldig fint å ha finansiering i ryggen og ein samarbeidspartnar å prate med heile vegen.

Ikkje problem med personvern

Om nokon er bekymra for overvåkingsaspektet ved å ha eit kamera retta mot brua, kan Rune Henden forsikre om at personvernet er tatt omsyn til.

– Alt er godt varetatt når det gjeld personvern. Alt som skjer rundt sjølve tavla vil vere pikselert, altså dusa ned, slik at ein ikkje drar kjensel på bilar eller menneske.

– Men vil ikkje kameraet berre blåse ned i første storm?

– Dette er eit kamera av svært god kvalitet som toler litt, det har mellom anna kuldesensor der eit varmeelement slår seg på ved ein viss temperatur og fjernar eventuell snø. Og vi har fått mellombels tillating av Statens vegvesen til å sette det opp.

Henden og Fløysand Kvalheim vil også rette ein takk til Kinn kommune som stiller med linjer til dataoverføringa.

– Kinn kommune og Nordfjordnett har lagt til rette for appen gjennom tilgang til kommunen sitt fibernett. Det set vi stor pris på, seier dei.

Det har tatt tid å kome fram til ei god løysing for vindappen, men no er samarbeidspartnarane fornøgde med å ha landa på ei god løysing.

– Men sjølvsagt, om nokon har idear til korleis dette kan bli endå betre, tek vi imot innspel med stor takk!

Linken til webkameraet som viser vindtavla finn du her, i menylinja øverst på fjt.no og på linken fjt.no/webkamera.