No skal innbyggjarane få betre mobildekning

Stad kommune har møtt Telenor for å gå gjennom kritiske punkt i mobildekninga i Stad kommune.

Frå venstre: Norodd Stubhaug (Telenor), Anne Ruth Botn, Alfred Bjørlo, Pål Lukashaugen (Telenor), Svein Otto Melheim, Hans Peter Eidseflot og Wenche Berget.  Foto: Stad kommune

Nyheter

– Det er eit klart mål at alle husstandar i Stad kommune raskast råd må få tilgang til 4G-nett med gode signal og tilstrekkeleg kapasitet, og at vi også har 4G-dekning på vegnettet i kommunen, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V).