Set miljø og berekraft på agendaen

Konkurranse om havarealet er ei av hovudsakene på Fiskebåt sitt årsmøte neste veke. Dit kjem både fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen og statssekretær Odd Emil Ingebrigtsen i Olje- og energidepartementet.

Årsmøtet i Fiskebåt er ein av dei viktigaste arenaene for norsk sjømatnæring med nær 400 deltakarar frå næringa, tilsluttande næringar, embetsverk og politikarar.  Foto: Fiskebåt

Nyheter

Vindkraft er viktig for å redusere klimagassutsleppa, men enkelte gongar blir det interessekonfliktar mellom storstilte vindkraftutbyggingar til havs og fiskeriinteressene. Per i dag er det lite kunnskap om korleis havvind verkar inn på dyrelivet i havet. Fiskebåt meiner difor at ein må legge til grunn ein føre-var-strategi før det blir sett i gang store utbyggingar som ein ikkje veit konsekvensane av.