Det stod om berre ein centimeter

Må legge nytt golv etter storfloa sine herjingar

Hadde bygget lege ein centimeter høgare, hadde Svein Inge Fosse på Knutholmen slept unna storfloa. Men vatnet kom akkurat høgt nok til å fløyme inn i bygget og øydelegge delar av golva i reiselivsbedrifta.
Nyheter

– Vi er allereie i kontakt med handverkarar som skal kome og sjå på golvet. No skal vi legge fliser sånn vi er sikra ved neste tilfelle, seier Fosse om nattas dramatikk.