Vedtok ombygging for 35 millionar kroner

Stad-politikarane har vedtatt ei ombygging av Fossevegen bufellesskap til over 35 millionar kroner.

Kommunestyret Stad vedtok i sitt førre møte ei ombyggign av Eid eldretun til over 35 millionar kroner.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Kommunestyret i Eid vedtok i 2018 å bygge om Eid eldretun/Fossevegen bufellesskap, i samband med at ein del av bebuarane der har fått plass på nye Hogatunet bu- og behandlingssenter. Standarden på rom, ventilasjon og varme skal hevast for bebuarane som er igjen, og det skal byggjast ut felles base for heimetenestene, psykiatritenestene og vernepleietenesta.