Alle leilegheitene har fått eigarar, og verksemda kunne selt enda fleire

Leilegheitsprosjektet Englundtunet på Nordfjordeid skal stå ferdig om i underkant av to månadar. Allereie no er alle leilegheitene selt.

Måløy-verksemda UNU har selt alle dei elleve leilegheitene i Englundtunet på Nordfjordeid.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Dette er eigentleg som forventa. Vi har heile tida tenkt at prosjektet kom til å vere utselt før vi var ferdige, men det skjer tidlegare enn forventa, fortel prosjektleiar Tom-Andre Svoren i Måløy-verksemda UNU.