Personbil har hamna i fjellveggen ved såpeglatt veg

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Klokka 19.29 onsdag kveld fekk politiet melding om at ein personbil har køyrd utfor vegen, og har hamna i fjellveggen like ved ferjekaia på E39 på Lote.

Ulukka har skjedd i ein sving, og Vest Politidistrikt opplyser at det er svært glatt vegbane.

Det er ikkje snakk om større personskadar. Føraren i 60-åra var åleine i bilen og det var ikkje andre bilar involvert.

Politiet er på staden og melder at det er passasje for andre bilar i området.