Skal arrangere strikkefestival for første gong

Første helga i mars inviterer Strikk og drikk Nordfjordeid til strikkefestival i Nordfjord for første gong.

Festival: Strikk og drikk arrangerer Nordfjord strikkefestival. 

Nyheter

– Dette vert hovudsakleg ei sosial samling for folk med garn og pinnar mellom fingrane. På programmet står mellom andre besøk av strikkebokforfattar og mønsterstrikkentusiast Birger Berge og garnfargespesialist Laila Henriksen frå Værbitt. Tillegg vert det mellom anna strikkeshopping, workshopar, «Strikk og musikk» og strikkegalla. Vi håper mange tek med seg spøtet og finn vegen til Nordfjordeid. Det er første gong vi arrangerer festivalen, og om det vert ein suksess kan dette bli ei årleg hending, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Programmet er allereie lansert og sal av bilettar og festivalpass er i gong.

Strikk og drikk Nordfjordeid samlast annakvar søndag og forklarar seg sjølv som ein uformell møteplass for alle som har lyst å dele strikkeglede i lag med andre.

– Nordfjord strikkefestival vart til over stikkepinnane ein av desse kveldane. Dersom årets festival vert ein suksess går overskotet inn i å skape ein endå betre festival neste år.