Fryktar for lokalt tilbod

– Dette er starten på ei nedlegging

Leiar Nils Myklebust i Kinn Senterparti reagerer sterkt på fylkesrådmann i Vestland si innstilling om at Fagskolen i Hordaland og Fagskulen i Sogn og Fjordane skal bli ei eining frå 1. januar 2021.

Nils Myklebust (Sp) reagerer på fylkesrådmannen sitt forslag om å slå saman Fagsolen i Hordaland og Fagskulen i Sogn og Fjordane.   Foto: Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Eg reagerer på at ein vil slå saman fagskulane til ei eining, der det blir ein dominerande part som heiter Hordaland. Forskjellen i storleik ser ein tydleg når ein ser på elevtalet. Det er markant, seier Myklebust.