Over 200 bilførarar blei sjekka om dei var edru

Her blir bilførarar sjekka for promille.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Politiet hadde kontroll på Rv 15 ved Bryggja i Stad kommune onsdag kveld

Innsatsleiar i politiet, Morten Hagen, seier til Fjordenes Tidende at kontrollen var ein del av ein landsomfattande aksjon med fokus på promille og store køyretøy.

Under kontrollen aust for Bryggja vart 99 bilførarar sjekka for dokument og promille.

Alle bilførarane som var kontrollerte hadde alt i orden og var edru.

I tillegg vart åtte store køyretøy sjekka for dokument og promille. Også her vart alt OK, opplyser politiet.

På Rv 15 ved Haugen i Stad kommune hadde Utrykkingspolitiet (UP) også kontroll onsdag kveld.

Her vart 126 bilførarar kontrollerte for dokument og promille. Også her var alt OK.-

Tre bilførarar fekk forenkla bøter og prikkar for ulovleg bruk av mobiltelefon, opplyser UP til Fjordenes Tiodende.