Politikarane skal diskutere saka i møte i dag

Rådmannen meiner klagen frå vindparken bør bli tatt til følge

Bremangerlandet vindpark har klaga på at Bremanger kommune i sine høyringsmerknader har konkludert med at ein ber staten ved NVE/OED om å trekke konsesjonen tilbake og at formannskapet ikkje finn grunn til å gi dispensasjon frå LNF-føremål slik saka står.

Hindring: Bremanger-rådmann Tom Joensen seier kapasiteten har vore utfordringa. Arkivfoto  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Rådmann Tom Joensen tilrår at klagen frå Bremangerlandet vindpark får rnedhald og at det blir gitt dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel.