Arbeidet vil ta eit år

Vil skilte om alle bygg nytta av fylkeskommunen for 16 millionar kroner

Fylkesrådmann Rune Haugsdal anbefaler i si innstilling til fylkesutvalet fredag at ein vedtek å skilte om alle bygg nytta av Vestland fylkeskommune i tråd med ny grafisk profil.

Fylkeshuset i Leikanger er eit av fleire hundre bygg fylkeskommunen nyttar i si drift. No skal alle få ny profil.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Fylkesrådmannen foreslår ei samla investeringsramme på 16 millionar kroner som ei øvre ramme for prosjektet fordelt med halvparten i 2020 og halvparten i 2021.