Krev gransking av pengebruken

Brukte to millionar på overnatting, middag og vin

Kinn kommune må spare fleire titals millionar på få år, men i prosessen fram mot den nye kommunen la kommunetoppane att to millionar i Kalvåg.

– Vi hadde behov for å samle både leiarar, ulike avdelingar og folkevalde då vi slo oss saman til ein kommune med 1600 tilsette, seier rådmann Terje Heggheim.   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Det er NRK Vestland som melder saka.

– Eg er skuffa. Eg synest det er feil bruk av pengar. Dei har ikkje tenkt på innbyggjarane som til sist må betale for det, seier Torgunn Eikevik, kommunestyrerepresentant i Kinn for Senterpartiet, til NRK.


Budsjettet er vedtatt

Vil bygge fotballhall, rådhus, brannstasjonar og turnhall, samt berge skular og bremse auken i eigedomsskatten

Med 22 stemmer fekk samarbeidspartia sitt budsjettforslag fleirtal i kommunestyret i Kinn. Investeringsiver og skulefokus var dominerande, men partia vil også bremse auken i eigedomsskatten.


Vedlegg statskanalen har gått gjennom syner at det har vore 30 kommunale samlingar på Knutholmen frå 2017 til desember i fjor. Utskrifter NRK har fått innsyn i viser at sluttrekninga for ei av samlingane kom på heile 313.000 kroner.

– Vi hadde behov for å samle både leiarar, ulike avdelingar og folkevalde då vi slo oss saman til ein kommune med 1600 tilsette. Det har vore behov for å strekkje samlingane over eit døgn, seier rådmann Terje Heggheim i Kinn til NRK og får støtte av ordførar Ola Teigen (Ap):


Mente det var feil å møtes utenfor Kinn-kommunene

Neste onsdag og torsdag skal det være felles kommunestyremøte for Vågsøy og Flora. At møtet er lagt til Kalvåg vakte reaksjoner i fellesnemnda for Kinn.


– Vi valde å bruke Knutholmen mellom anna for å få gode og effektive samlingar. Ein kan sikkert diskutere om vi kunne ete og drukke litt billegare, men det viktigaste er at vi har klart å byggje ein ny og velfungerande kommune, seier han.

Loklapolitikarar vil no ha gransking av pengebruken etter at det vart kjend at kommunen har brukt millionar på overnatting, mat og vin, skriv NRK.