Diskuterte meir politisk styring i investeringsprosjekt

Ville redusere rådmannen sine fullmakter til å investere på vegner av kommunen

Då formannskapet i Kinn diskuterte graden av politisk involvering i investeringsprosjekta i kommunen, var det Senterpartiet sitt forslag å ta rådmannen sine fullmakter for investeringsprosjekt med ei brutto investeringsramme på inntil 10 millionar ned til ei ramme på inntil 3 millionar.

Syntest det var for høg sum: Då formannskapet i Kinn diskuterte graden av politisk involvering i investeringsprosjekta i kommunen, var det Senterpartiet sitt forslag å ta rådmannen sine fullmakter for investeringsprosjekt med ei brutto investeringsramme på inntil 10 millionar ned til ei ramme på inntil 3 millionar.   Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

- Det handlar om når vi skal involverast og når rådmannen sjølv står fritt til å disponere pengane. I Vågsøy kommune hadde vi ei grense på 1 million kroner. Her er den føreslått til 10 millionar. Men det ønskjer vi å redusere til 3 millionar, sa varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp).