«Dette er rein propaganda for å hausse opp stemninga»

Innlegg om folkemøtet: Dette innlegget er skrive av Einar Svarstad frå Bremanger.  Foto: Privat

Nyheter

Dette innlegget er skrive av Einar Svarstad frå Bremanger.

Sist veke var det to folkemøte i Kalvåg og Bremanger som skulle informere om vindkraft og verknadene av det.

Først ute var NHO- reiseliv som tok føre seg den voldsomme etterspørselen etter urørt natur blant utanlandske turistar og at satsing på turisme ikkje kan kombinerast med vindkraft. I helgas aviser gjekk ho høgt ut og sa at Bremangerlandet vindpark ikkje måtte byggjast. Dette trass i at Bremangers største reiselivsaktør Svein Inge Fosse støttar utbygging og meiner vi i Bremanger treng all aktivitet vi kan få.

Vindkraftutbygging hindrar ikkje turistane å kome. Det er og i strid med NHO sentralt som meiner vi må satse på vindkraft og tole nokre naturinngrep i det grøne skiftet.

Etter dette blei det ein tankevekkar å lese i Dagbladet om turistane på Stad som skit i hagane til innbyggarane, der var haldninga nok er nok.


Meiner ein bør vurdere å flytte vindkrafta til havs, men fiskarane er ikkje nødvendigvis einige

– Vindkraft og reiseliv bør ikkje utviklast på same plass, sa Wenche Salthella, bransjesjef i NHO Vestland, til alle som hadde møtt opp på folkemøtet om reiseliv, fiskeri og vindkraft i Kalvåg torsdag. Salthella meinte ein burde ha is i magen og avvente utviklinga innan havvind.


Så var det fiskarlaget som hadde innlegg, om havvind på Frøyabanken og Olderveggen (merkeleg nok ved ein aktiv vindkraftmotstandar som aldri har vore fiskar) dette blei kopla saman med Bremangerlandet vindkraftverk og fleire andre gamle planar om vindkraftverk rundt Bremangerpollen. Kjem det eine so kjem det andre.

Dette er rein propaganda for å hausse opp stemninga, og skape splid i lokalsamfunnet. Det toppa seg med ein gråtkjøvd fiskar som bad oss ta til vit og stoppe utbygginga på Bremangerlandet.

Eg har stor respekt for fiskarar og den viktige jobben dei gjer i forvaltninga av matfatet vårt, men tilliten svekkast når dei kjempar mot vindkraftverk på Bremangerlandet på denne måten.

Til slutt eit angrep på SFE sin representant med omsyn til høyringsuttale frå NTV om TV/Radio signal. No er det vist dette som er det verste, og ikkje myr, fugl og naturinngrep lenger. Ja eg meiner det er uheldig at berlarane mista TV-signala, men eg har stor tillit til at utbyggarane både på Hennøy og Bremangerlandet legg seg i selen og varetek dette.

TV-signala i Berle var no visstnok ikkje av dei beste før heller.


Vil høyre på folket i vindkraftsaka

Bremanger Høgre ønskjer å sjå på moglege løysingar for å få stoppe utbygging av konsesjonen på Bremangerlandet.


Så var det møte på Havly med omsyn til økonomi og vindkraft og lågfrekvent støy. Først var det økonomiprofessoren som hadde innlegg om det økonomiske aspektet ved vindkraft. Der blei fasiten merkeleg nok null igjen til lokalsamfunnet. Men han var no for vindkraft – for vi må delta i det grøne skiftet.

Så var det allmennlegen og lågfrekvent støy, dette kan vist vere plagsamt for enkelte ca. 30 prosent av befolkninga kan få søvnvanskar, hjarteproblem og diverse andre plager.

For å unngå dette måtte vindkraftverk ha ein avstand på 15 km viste forsking frå Finland, USA og merkeleg nok også Sovjetunionen (oppløyst for 30 år sidan?). Ikkje nok med det, legen var frå Frøya og har vist engasjert seg i motstandsbevegelsen der. Han er vist også inngift i bremangerslekt. Skal tru om slekta er vindkraftmotstandarar? Men uansett skal vi ta dette på alvor, og om nokon vil føreta målingar er det bra, men dei må starte arbeidet no før vindmøllene kjem. Har forresten vakna om natta av og til dei siste 20 åra. Skal tru om det skuldast vindmøllene på Mehuken?


Fullt hus på folkemøte om vindkraftsaka i Bremanger

Fryktar for både reiseliv og naturen


Så var det geologiingeniøren og fagleg leder i Mot Vind som konspirerte om korrupte grunneigarar, advokatar, sakshandsamarar og dårleg økonomisk ryggrad hjå utbyggar. Her kjem det nok inn utanlandske eigarar. Då kom økonomiprofessoren på bana igjen og åtvara mot å bruke dette kortet som argumentasjon og grunna dette med at alle som sit i salen har investert 2 mill. kvar i utlandet gjennom oljefondet. Då blei den ballen lagt død.

Hittil har jo alt vore konspirasjonsteoriar som berre har til formål å skape motstand og splid i bygda. Då ein utflytta Bremanger-mann tok til ordet og var positiv til vindkraftanlegg, og meinte dette ville bety enormt for utviklinga i Bremanger vart han sabla ned av grunneigaren om at det var urettferdig med hans uttale då han bur i Ålesund.

Kva då med motstandarane som bur i Trondheim, Oslo, Bergen, Stavanger osv. Jau deira røyst tel, for dei er jo motstandarar.

Som grunneigarar opp i dette, oppfordrar vi til samhald og samarbeid om mogelegheitene utbygginga vil gi på Bremangerlandet og i Bremanger kommune.