Kor ofte bør ein eigentleg tømme septikktankar?

Brukte 23 minutt på å diskutere «dritsak»

Då formannskapet i Kinn skulle diskutere lokal forskrift for tømming av slamanlegg tok debatten overraskande nok av, og det blei ein langvarig, og til dels humoristisk diskusjon, omkring kva som legg grunnlag for god og dårleg kompost.

Då formannskapet i Kinn skulle diskutere lokal forskrift for tømming av slamanlegg i møtet torsdag tok debatten av til uventa høgder, og det blei ein langvarig, og til dels humoristisk diskusjon, omkring kva som utgjer god og dårleg kompost. Bildet er tatt i førre formannskapsmøte.  Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Nyheter

Det var Jan Arve Midtbø frå Senterpartiet som sette i gong debatten i det ein skulle tru var ei enkel sak. Han peikte på at det i forslaget til forskrift var nemnt at ein tømte septikktankane hos folk så ofte som kvart anna år. Han ville gjerne ha med ei presisering i forskrifta på at ein ikkje burde tømme tankane oftare enn kvart fjerde år.