Rosar kommunen si handtering

Fekk kloakkvatn rennande rundt huset

Barbro Os Noste frå Nordfjordeid opplevde at det vart lekasje på avløpsrøret ut frå huset hennar då den store floa herja i førre veke. No rosar ho kommunen si handtering av saka.

Barbro Os Noste skryt av den raske responsen frå kommunen då ho oppdaga ein feil på avløpsrøyret i huset sitt.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Eg er kjempefornøgd med at kommunen stilte opp så raskt. Dagen etterpå var dei i full sving. Eg er ikkje så sikker på kva dei gjorde, men no fungerer det, fortel Noste til Fjordenes Tidende.