Pakkar ned trafikklysa på grunn av vêret

Dei som arbeider med rehabilitering på Måløybrua har den siste tida slite mykje med vêret. Vind påverkar tryggleiken til arbeidarane i stillasa under brua.

Trafikkreguleringa på Måløybrua er midlertidig tatt ned. Enda veit ein ikkje når dette kjem opp att.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Det er ikkje noko poeng for oss å ha mange arbeidarar i Måløy som sit og spelar kort når dei ikkje kan arbeide. Difor er det betre å setje dei på andre ting medan vi ventar på vêret, seier Sveinung Hovland, som er prosjektleiar for arbeidet på Måløybrua.