Brannen i bustadhus er sløkt

Tre personar var i huset då det byrja å brenne

Alle naudetatane rykte onsdag føremiddag ut til ein bustadbrann i Måløy. Tre personar var i bygget då brannen vart meldt litt før klokka 11.

  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

Alle dei tre personane har kome seg ut av bygningen, og politiet opplyser klokka 11.20 at to personar har fått i seg noko røyk.

Brannen i bustadhuset med fleire bueiningar i Gate 2 i Måløy, vart meldt sløkt klokka 11.20.

– Brannårsaka er førebels ukjend, men politiet vil forsøke å gjere undersøkingar på staden etter kvart, opplyser Vest politidistrikt.

  Foto: Frithjof Silden

Alarmsentralen fortalde til Fjordenes Tidende klokka 11.07 at alle som bur i bygget hadde kome seg ut.

– Nokre har pusta inn røyk, men vi har ein ambulanse på veg. Branntilløpet skal vere sløkt, men vi har eit røykdykkarlag på veg inn no, sa vaktleiar hos alarmsentralen.