Arrangerer open dag for bedrifter

Stad Vekst arrangerer FoU-verkemiddeldag for næringslivet i Nordfjord. Avbildet er dagleg leiar Olav Hjelle i Stad Vekst.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Stad Vekst arrangerer FoU-verkemiddeldag for næringslivet i Nordfjord på Nordfjord Hotell, onsdag 11. mars.

Der kan firma som har planar om å utvikle noko nytt få lære om ulike moglegheiter til korleis å komme i gang.

– Mange bedrifter sit på eit potensial for auka verdiskaping, men som kan krevje eit FoU-arbeid for å realisere. Kanskje opplever mange ein høg terskel for å nytte støtteordningar for å gjennomføre lønsame utviklingsprosjekt, skriv Stad Vekst i ei pressemelding.