Kritiske til manglande involvering av hovudtillitsvalde i den nye kommunen

Wenche Nordal og Maj Linn Selvik i Fagforbundet meiner overgangen til Kinn kommune har sett dei hovudstillitvalde på sidelinja, og ber om at involveringa av tillitsvalde aukar.

Wenche Nordal og Maj Linn Selvik i Fagforbundet meiner overgangen til Kinn kommune har sett dei hovudstillitvalde på sidelinja, og ber om at involveringa av tillitsvalde aukar. Illustrasjonsfoto 

Nyheter

– Vi er no ferdige med første månad som Kinn kommune. Fagforbundet har forståing for at alle i administrasjonen har hatt mykje arbeid både før Kinn kommune vart ein realitet og no når Kinn kommune har blitt ein realitet. Det er framleis arbeid som gjenstår før alt er på plass, mellom anna nytt resursstyringssystem (RS). Fagforbundet opplever dessverre etter overgangen til Kinn kommune, at vi i mykje mindre grad vert involvert i prosessar enn tidlegare, skriv dei i eit brev til Kinn kommune.