Ventar storinnrykk av strikkarar

– Nordfjord strikkefestival ønskjer å bli ein møtestad for strikkeentusiastar frå heile Nordvestlandet, seier festivalsjefen.

Festivalklare: I helga er det strikkefestival på Nordfjordeid. 

Nyheter

Strikkefestivalen går av stabelen 6.–8. mars, og festivalsjef Karina Kjørstad melder at interessa har vore stor, og at mange kjem langvegs frå for å strikke i lag med andre på Nordfjordeid denne helga.

Festivalsjefen reknar også med godt sal av billettar i døra.

På programmet finn ein alt frå garnfarging til føredrag. I tillegg blir det «Strikk og musikk i Gamlebanken», på Nordfjord hotell blir det strikke- marknad med salsutstillingar, på Hamna trening blir det tilbod om pilates med strikk og søndag er det raudstrømpestrikk i høve kvinnedagen.

– Festivalkomiteen er svært nøgde med at så mange unike strikkeentusiastar vil vere med oss og lage til denne flotte festivalen. Strikkemarknaden på Eid denne helga er på linje med andre store festivalar og vi gler oss til å dele dette med alle strikkarane som kjem, seier Kjørstad.

Om årets festival vert suksess er målet at strikkefestivalen blir ei årleg hending.