Unge talent avsluttar musikkveka

Musikkuke 2020 blir avslutta med Ung talent-konsert i Sør-Vågsøy kirke laurdag 7. mars.

Avsluttar musikkfest: Lokale talent avsluttar Musikkuke 2020 med ein eigen konsert i Sør-Vågsøy kirke. Dette bildet er frå konserten i 2019. Foto: Marianne s. Rotihaug 

Nyheter

Under konserten får ein sjå og høyre seks ungdomar frå 10 til 20 år spele piano og trompet. Då vil Rithusha Rohan, Anna Nerland, Thea Felicia Årvik, Bernard Hagen, Olai Landøy og Verena Våge framføre stykke på piano, sistnemnde vil også spele trompet.

Men før avslutningskonserten er det klart for eit heilt nytt konsept for musikkveka. Dette skjer fredag 6. mars. Då skal eit turnerande Johnny Cash-band halde konsert i Sør-Vågsøy kirke. Her vil eit band på seks personar spele og synge melodiar av den kjende musikaren Johnny Cash.

Arrangør for Musikkuke 2020 er Vågsøy sokneråd.