Avslutta med raudstrømper og tale for kvinnedagen

Det var Nordfjord strikkefestival som inviterte til 8.mars markering på Nordfjordeid.

Festivalen vart avslutta med eit ope arrangement i høve kvinnedagen 8.mars der varaordførar Siri Sandvik (Ap) (nr. 2 f.v.) heldt tale for dagen. Festivalleiinga er (f.v.) Ragni Marie Strand Rasmussen med dottera Martha-Ovedie Berge, Magni Hjertenes Flyum og festivalsjef Karina Kjørstad.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Søndag på festivalen fall på 8. mars, og vi fann ut at vi kunne lage ei markering av kvinnedagen, seier festivalsjef Karina Kjørstad. Dei som kom til Nordfjord Hotell fekk høyre tale for dagen av varaordførar Siri Sandvik og alle fekk eit gratis mønster til å strikke raudstrømper.