Sjå kva dei lokale serveringsstadane kan tilby

Fleire kafear tek grep for å handtere den nye situasjonen

– Det kjem til å bli tøft økonomisk, men vi håpar folk støttar opp og ikkje sluttar å kjøpe mat hos oss, seier Margrethe Gangsøy ved Havfruen i Måløy og Bakeriet i Deknepollen, som no trappar opp heimkøyring av mat til folk.

Margrethe Gangsøy håpar at folk fortsett å handle med dei lokale bedriftene, sjølv i desse koronatider.  Foto: Louise Nygaard

Nyheter

Då Fjordenes Tidende tok kontakt med Gansgøy var ho ute for å levere mat. Dei har hatt eit tilbod om utkøyring frå før, og no aukar dei gjerne dette for å hjelpe folk over dei neste vekene. Både privatpersonar og bedrifter kan nytte seg av tilbodet.