Kallar inn til ekstraordinære møte i begge kommunar torsdag

Torsdag 26. mars, på den dagen første runde av koronatiltaka var signalisert å skulle vare i første omgang , kallar Kinn kommunar inn til ekstraordinært kommunestyremøte og Stad til ekstraordinært møte i finansutvalet.

Torsdag 26. mars, på den dagen første runde av koronatiltaka var signalisert å skulle vare i første omgang , kallar Kinn kommunar inn til ekstraordinært kommunestyremøte og Stad til ekstraordinært møte i finansutvalet.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Koronatiltak som blei sett i verk torsdag 12. mars var i første omgang sett til å vare til og med torsdag 26. mars. Men helseminister Bent Høie har signalisert at nordmenn kan måtte førebu seg på ein lengre periode, og peika på at det er meir sannsynleg at perioden blir forlenga enn at den blir avslutta.

Kunngjering om kva som vil skje, vil vi få tidleg i neste veke, har ministeren sagt.

Det kan også sjå ut som lokale politikarar vil vere i forkant av ei forlenging, for på torsdag 26. mars er det også kalla inn til ekstraordinære møte både i Kinn og Stad. Møta blir gjennomført som fjernmøte på video, men i Kinn er det mogleg å møte opp fysisk på rådhusa enten i Florø eller Måløy. Men kommunen anbefalar at flest mogleg nyttar fjernløsyinga.

– I desse koronatider oppmodar vi om at færrast mogleg møter fysisk opp, og heller koplar seg opp via nettlesar eller telefon, skriv Arne Schei, administrasjonskonsulent i Kinn kommune.

Kinn kommune har to saker på agendaen – godkjenning av innkalling og sakliste, samt delegering til formannskap og stadfesting av fjernmøte.

I Stad skal ein diskutere ordføraren sitt brev til regjering og Storting om at næringslivet treng likviditet no, ein skal døfte korleis det politiske arbeidet skal organiserast i tida framover og kommunedirektøren skal informere om status og vidare planar frå Stad kommune knytt til koronasituasjonen.