Denne næringa ønsker ikkje krisepakkar, men fleksibilitet

Sjømatnæringa står overfor fleire utfordringar grunna koronasituasjonen, men fleire seier dei ikkje treng pengar til hjelp. Dei treng fleksibilitet og gode løysingar.

Sjømatnæringa står overfor fleire utfordringar grunna koronasituasjonen, men fleire seier dei ikkje treng pengar til hjelp. Dei treng fleksibilitet og gode løysingar, skriv NRK Vestland.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Vi treng ikkje noko krisepakke, vi treng fleksibilitet, seier Øyvind Andre Haram i landsforeininga for havbruks- og sjømatnæringa, Sjømat Norge, til NRK Vestland som er den som melder saka.

Hjula går framleis rundt for sjømatnæringa langs kysten, men det er ikkje lett.

– Det endrar seg dag til dag, vi veit ikkje kva som skjer i morgon.

Haram seier til NRK at det dei treng ikkje er krisepakkar, men meir fleksibilitet frå styresmaktene. Til dømes at dei får lov til å ha meir fisk i merdane enn dei har kvote til, og at dei kan bli unnateke å rapportere lakselus i denne perioden. Dei krev også at fagetatar som Fiskeridirektoratet og Mattilsynet ikkje blir stengt grunna mangel på folk.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) meiner det viktigaste er å halde næringa på beina i denne krevjande perioden.

– Vi er opptekne av å vere løysingsorienterte, seier han til NRK Vestland, og seier han vil sikre at fagetatane har nok folk på jobb til å støtte sjømatnæringa og at det blir mindre byråkrati frå embetsverket.