Her kan du følge med på vinden

Kraftige vindkast stenger brua

Det bles kraftig på kysten og Måløybrua har måndag vore stengd fleire gonger.
Nyheter

Klokka 14.30 var brua på nytt stengd, og ifølge meteorologane skal den kraftige vinden vare utover kvelden og dei komande dagane. Meteorologisk institutt har ute gult farevarsel på kraftige vindkast, og ifølge yr.no blir det vindkast frå 25–35 m/s utsette stader måndag, tysdag og først på onsdag.

På appen Vindvarsler kan du følge med på når Måløybrua er stengd.



Rådet frå Meteorologisk institutt er å sikre lause gjenstandar, følge råd og sjekke status frå transportaktørar, samt å sjekke vegmeldingar sidan den sterke vinden kan føre til stengde bruer og tre i vegbana.