Har testa over tusen personar i området

– Det er betryggande å høyre kor systematisk og målretta ein arbeider med koronaepidemien

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde er glad for å høyre korleis helseforetaket jobbar med å kontrollere koronaepidemien. – Det er betryggande å høyre korleis de arbeider, kor systematisk og målretta, sa ho under styremøtet.

STYREMØTE I KORONA-TIDER: Slik såg møterommet ut då Helse Førde hadde styremøte denne veka, med dei aller fleste deltakarane på heimekontor, inkludert styreleiar Agnes Landstad. På bildet frå venstre HR-direktør Arne Skjelten, bakerst direktør Tom Guldhav i kirurgisk klinikk og til høgre administrerande direktør Arve Varden.   Foto: Helse Førde

Nyheter

– Vi vil takke alle tilsette i Helse Førde for det gode arbeidet med smittevern og førebuingar på det som kan bli en pandemi, sa Landstad på vegner av styret.

Over tusen testa

I orienteringa til styret rundt korona-situasjonen, framført hovudsakleg av administrerande direktør Arve Varden og fagdirektør Trine Vingsnes, gjekk det fram at meir enn tusen personar i Helse Førde-området no er testa for sjukdommen, og at 21 av desse har testa positivt. Talet positive har ikkje vist ein stigande tendens dei siste dagane. På det meste har Helse Førde analysert 210 prøver i døgnet for viruset. Nasjonalt er det knappheit på reagensar som trengst for å analysere slike prøver, også i Helse Førde. Difor er det bestemt at talet testar skal avgrensast til 60 i døgnet i tida framover.

Samarbeid om utstyr

Også smittevernutstyr har det vore nasjonal knappheit på etter koronautbrotet. Helse Førde følgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner på smittevern, og samarbeider tett med dei andre føretaka i Helse Vest om utstyr.

– På den måten får vi godt oversyn over beholdningane av slikt utstyr i heile regionen, og føretaka kan samarbeide og hjelpe kvaranandre der det trengst, sa administrerande direktør Arve Varden.

– Ingen skal sitje med meir utstyr enn dei treng, og føretaka kan hjelpe kvarandre begge vegar.

Ikkje blande korona-pasientar med andre

Så langt har ingen korona-smitta personar hatt trong for behandling på sjukehus i Helse Førde sitt område. Men dette vil truleg skje før eller seinare, og fagdirektør Trine Vingsnes orienterte styret om korleis føretaket bur seg på ein slik framtidig situasjon.

– Vi har lagt mange og detaljerte planar for dette. Det viktigaste er å sikre oss best mogeleg mot at pasientar med konstatert eller mistenkt smitte blir blanda med pasientar som ikkje er smitta, sa Vingsnes, og la til:

– Pasientar skal ikkje komme til våre sjukehus og oppleve å bli smitta der.

Også på lokalsjukshusa

For å sikre at smitteoverføring ikkje skjer, er det planlagt eigne, nyleg oppretta mottak utanfor det ordinære akuttmottaket. Her skal pasientar med konstatert eller mistenkt smitte bli mottekne. Det er også planlagt eigne område inne på sjukehusa, såkalla kohortar, der desse pasientane kan behandlast adskilt frå øvrige pasintar.

– Planen er at smitta eller mistenkt smitta pasientar i utgangspunktet skal behandlast ved Førde sentralsjukehus, anten i ein eingen fløy på medisinsk sengepost i åttande etasje eller på intensivavdelinga i andre etasje. På lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid blir god start-einingane omgjort til kohort-avdelingar, ein beredskap for å kunne ta inn eventuelle koronapasientar der.

141 har meld seg til teneste

I helga melde Helse Førde at 107 personar med varierande helsefagleg bakgrunn har meld seg til teneste i Helse Førde. Dette skjer etter at føretaket annonserte etter personell, for å sikre seg dersom mange tilsette blir sjukmelde eller må i karantene.

Talet som har meld seg var måndag kome opp i 141. Så langt har det ikkje vore behov for denne ekstrainnsatsen, men helseføretaket vil ta kontakt med relevant kompetanse dersom behovet skulle oppstå.

– Vi har etablert ei eiga ressursgruppe som løpande skal vurdere behovet for personell. Vi har tatt ned den planlagte aktiviteten i sjukehusa, og er i ein situasjon der tilsette kan oppleve å måtte byte avdeling å jobbe på, må gå inn i nye turnusar eller få nye arbeidsoppgåver. Vi har rigga og øvd organisasjonen for det som truleg kjem. Tilsette i alle einingar har lagt ned ein formidabel innsats, sa Varden.

Korona-status i Helse Førde per måndag er at ingen smitta er innlagt på sjukehus. 59 tilsette er i heimekarantene, og fem er heime med sjukmelding.