Den første veka med heimundervisning er unnagjort

– Det har vore ei merkeleg veke der kontakta med elevane har vore via PC-skjermen

Det seier leiarar og tilsette ved Måløy vidaregåande skule.
Nyheter

– For dei aller, aller fleste har dette vore ei ny erfaring og lærekurva har vore bratt. Men kom ikkje å sei at omstillingsevna hos elevane og lærarane ikkje er på topp. Sjølv dei mest optimistiske anslaga over deltaking og frammøte til undervisinga er blitt gjort til skamme, skriv leiinga ved Måløy vidaregåande skule på sine nettsider.