Kommunen har fått sine to første med påvist koronasmitte

Kinn kommune har no to personar som er smitta med koronavirus. Det bekreftar kommunelege i Kinn, Jan Helge Dale.

Kinn kommune har no tp personar som er smitta med koronavirus. Det bekreftar kommunelege i Kinn Jan Helge Dale.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Det er Firdaposten som har snakka med kommuneoverlegen og fått vite om dei to første påvist smitta i kommunen.

Avisa opplyser at begge dei to smitta er helsepersonell i den kommunale helsetenesta, og har jobbar der dei har pasientkontakt.

– Vi fekk to positive koronaprøver i dag. Vi har venta på det, og no har vi fått det stadfesta, seier Dale til Firdaposten.

Kommunen har forsøkt å spore smitta, og har funne ut at den eine personen er smitta i utlandet medan den andre er smitta lokalt. Smittevegen for sistnemnde er dermed ukjent.

Personen som blei smitta i utlandet har vore i karantene sidan vedkommande kom heim.

I ei ny sak opplyser Firdaposten at den eine av dei smitta arbeider ved Florø omsorgssenter.