Bruker iPad, Facebook og ulike kommunikasjonssystem

– Vi gjer alt vi kan for at dei som bur her skal få sett og og snakka med sine kjære

Avdelingsleiar ved Kulatoppen omsorgssenter Reidunn Øksdal ser at det er nødvendig å halde fram med strenge tiltak ved omsorgssenteret, men fortel at dei gjer alt dei kan for at bebuarane skal ha det best mogleg gjennom isolasjonsfasen.

Avdelingsleiar ved Kulatoppen omsorgssenter Reidunn Øksdal ser at det er nødvendig å halde fram med strenge tiltak ved omsorgssenteret, men fortel at dei gjer alt dei kan for at bebuarane skal ha det best mogleg. Her hjelper tilsett Bente Folkestad bebuar Bodil Myrestrand med ein liten prat med dei heime.  Foto: privat

Nyheter

Tysdag blei det kjent at regjering og helsemyndigheiter forlengar perioden med strenge koronatiltak til over påske. Det betyr tre nye veker i isolasjon for bebuarar på institusjonar og omsorgssenter, ei av dei mest utsette gruppene for koronaviruset.