Gler seg til å tilby elevane eit betre skulemiljø neste skuleår

Hovudentreprenør Veidekke er i full sving med rehabiliteringa av C-fløyen ved Måløy vidaregåande skule. Den skal etter planen stå ferdig 4. juni, og rektor gler seg til å snart kunne tilby elevane eit endå betre skulemiljø.

Helen Hjertaas (til venstre) og rektor Åsta Navelsaker Røed følgjer nøye med på framgangen i rehabiliteringa av C-fløyen ved Måløy vidaregåande skule.  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

Rektor Åsta Navelsaker Røed ser fram til å få ta i bruk bygget, og har til og med gått til innkjøp av personleg verneutstyr for å kunne halde seg oppdatert på kva som skjer på byggeplassen.