Marte held pandemien på kjølig avstand i Barentshavet

For Marte Seljen frå øya Selja i Stad kommune har havet alltid vært ein stad for å flykte unna kvardagen. I sitt arbeid som krabbefiskar i Barentshavet flyktar ho no også unna den pågåande pandemien.

Ganger to: Marte Seljen (t. h.) frå Selja i Stad kommune saman med kollega Marte Henriksen. Saman jobbar dei på ein krabbebåt som i desse dagar befinn seg i Barentshavet trygt vekk frå koronasmitta.  Foto: privat

Nyheter

28-åringen vaks opp på Stårheim i tidlegare Eid kommune, men flytta i ungdomsåra til øya i havgapet der faren har sin barndomsheim. Stikk i strid med det mange andre gjer når dei blir eldre, valte Marte å fortsette å bu på heimstaden – i gamlehuset til farmor og farfar på garden på den segnomspunne øya.