Innbyggjarane fekk ikkje medhald i klage

Skuffa over departementet

Olje- og energidepartementet gir ikkje innbyggjarane, som har klaga på Okla vindkraftverk på Stadlandet, medhald. Interesseorganisasjonane er skuffa over vedtaket.

Stad Landskap og innbyggjarinitiativet har kjempa ein lang kamp mot vindturbinar på Okla på Stadlandet. No føler dei at dei ikkje har blitt høyrt av Olje- og energidepartementet. F.v. Jon Frogner, Torkjell Djupedal, Thomas Honningsvåg og Bård Fløde.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Vi meiner at departementet si grunngjeving er svært «tynn», og til dels neglisjerer dokumentasjon og påstandar frå lokaldemokratiet sine partar i saka. Vi er i dialog med Motvind Norge, og vurderer grunnlaget for rettslege skritt. Vi vil på ny vise at lokal motstand er stor, og ikkje på nokon måte kan neglisjerast, heiter det i ei pressemelding frå Stad Landskap og innbyggjarinitiativet.